
|
Stemningsrapport fra GammeldansGalla 2008
25. og 26. april arrangerte Slettmo Spel- og Dansarlag
GammeldansGalla andre år på rad.
Starten på denne helga byrja
med pøbb på Sjoa Rafting i Nedre Heidal. Fullt hus til
kjempegod musikk. Gruppen som "let" var: Viltringein, Åss
fire (no Driv), Ganglaget og "Marit & Karein". Heile kvelden
var det fullt dansegolv og mange festglade deltakarar.
Laurdag vart det arrangert
masurkakurs med Eva Rusten og Håkon Sandum som instruktørar.
Gammeldansgallaen
laurdagskvelden i Heidalshallen vart opna med musikk av
Heidal Spelmannslag. Etterpå var det Sprell, som så vart
avløyst av Sven Nyhus kvartett. Alle spelte to økter kvar og
mange gode attendemeldingar om at tilreisande finn den beste
gammeldansmusikken i Gudbrandsdalen. Under heile
Gammeldansgallen var det 320 betalande.
Morosamt å sjå at mange
dansar pols etter Sven Nyhus kvartett, ikke berre dei frå
Røros, men òg Gudbrandsdøler. Like overraskande og morosamt
var det at dansare frå Stavnger ønskte seg springleik og
Heidal Spelmannslag spelte to fine bygdedansar.
For å få gjennomført eit
slik arrangement tren ein mange gode medhjelparar. Og det
fekk vi!
Tusen takk til alle
sponsorer og frivillige som stilte opp, slik at vi også
neste år kan ynske alle danseglade velkome til ein ny
GammeldansGalla 24.-25. april 2009!
Velkomen attende!
Helsing
Slettmo Spel & Dansarlag
Erling Steineide
Leiar |
Har du bilete får GammeldansGallaen 2008?
Send dei på e-post
post@kreativthjorne.com eller
MMS til 99 00 96 53,
så legg vi dei ut her!
Vil du bli sponsor for
GammeldansGallaen 2009?
Ta kontakt med
Erling Steineide, tlf.
907 38 528,
så får du bannerannonse her |